Klubben har i dag 18 medlemmer. Me har møte første torsdag i månaden frå september til juni med inspirerande foredrag, bedriftsbesøk, sosialt samvær og utflukter.
I Zonta får du høve til å møta kvinner med ulik alder, utdanning og yrkesbakgrunn. Mangfoldet av kvinner gir trivelege samvær, fruktbare dialogar som igjen gjer det mogeleg å utvikla spennande arrangement og aktivitetar. Dette set klubben i stand til å hjelpa kvinner både lokalt og globalt i form av økonomisk støtte til prosjekt. Prosjekta bidrar til at kvinner får betre helse, utdanning, økonomiske og juridiske vilkår
Som medlem får du ta del i eit sterkt kvinnenettverk både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Du får bli med i eit fellesskap som har felles interesse, som ønskjer å gjera noko for andre – sårbare kvinner – gjennom Zonta sine prosjekt lokalt og globalt. Ved å påta deg arbeid i styre og komitèar oppnår du personleg og fagleg utvikling. Du får og høve til å hjelpa og påverka kvinner sin situasjon i verden i samarbeid med engasjerte kvinner. I tillegg er det triveleg, inspirerande og gir påfyll i kvardagen.
Zonta-Sauda-Møteplan-2022-2023