Med-Vigdis-Finbogadottir-kopi

Sauda og omegn Zontaklubb feirer 10-årsjubileum

 

 

 

 

 

 

 

Slik blir du medlem

Har du lyst å bli medlem?

I Sauda og omegn zontaklubb er me 20 samfunnsengasjerte medlemmer. Klubben har vore ein del av Sauda sitt aktive organisasjonsliv sidan 1999. Det vil seia i omlag 20 år.

Me møtes første torsdagen i mnd., 10 gonger i året. Innhaldet på møta kan vera foredrag om aktuelle og interessante tema som yrke, andre kulturar, matskikkar i framande land eller me er på bedriftsbesøk.

Ein viktig del av møta er den sosiale sida av å høyra til i ein organisasjon. Me sluttar alltid av møta med enkel servering og god prat. Det er viktig å ha det hyggeleg saman.

Zonta er ein internasjonal klubb med ca 1230 klubbar over store deler av verden. I Norge har me 9 klubbar, 5 av dei i Rogaland.

Medlemmene i Zonta er samfunnsengasjerte kvinner som arbeider saman for å auka kvinner sin status i verda og bidra til å myndiggjera kvinner. Det gjer me ved å gi hjelp, pengar og anna støtte gjennom hjelpeprosjekt og påverknadsarbeid innan helse, utdanning og yrkesutvikling.

Kvar klubb har eit klubbprosjekt, kvart land har i tillegg eit hjelpeprosjekt det er ansvarleg for, og så har hovedorganisasjonen på verdsbasis hjelpeprosjekt som alle klubbane støttar økonomisk.

Sauda og omegn zontaklubb gir kvart år pengar til San Juan del Sur, pengar som går til hjelp for at kvinner kan dyrka jorda si og m.a. skapa arbeidsplassar for å bli meir sjølvstendige. I San Juan del Sur er det og ein skule (laurdagsskule). 

Zonta Internation arbeider for likestilling og er medlem av FN og samarbeider med Unicef og Care. 

Zonta Norge støtter TV-aksjonen 2021. «Barn, ikke bruder». 

Høyres dette interessant ut?

Då er du invitert til å til å bli med på  møte for å bli kjent med klubben

  • Ønskjer du å bli med eller få meir info, ta kontakt med ein av oss.

For tida vil du koma i selskap med desse Zontakvinnene:

  • Ann Helen Eik -Nes
  • Ann Kristin Gauthun
  • Anne Lise Skoglund Welde
  • Aslaug Astad
  • Aud Jorunn Nymark
  • Berit J. Hauge
  • Bodil Sandal
  • Margot Nilsen
  • Margoth Sundsbø
  • Marit Gjetmundsen
  • Marit-Helen Hølland
  • Nansy Lund
  • Solfrid Handeland
  • Sylvi Askvik Fatland
  • Tanja Håheimsnes
  • Tora Hellerdal Fosstveit
  • Torunn Tornes Djuvik
  • Wenche Laurine Pleym