Leiarmøte 16. februar 21 i Zonta Norge

På leiarmøtet 16. februar deltok 51 medlemmer fordelt på alle klubbane på Teams. Frå Sauda var fire av oss samla hjå Margoth. Nansy var med frå Bergen.

Hovudtema var status og vidareføing av arbeidet mot barneekteskap. Generalsekretær i Plan Norge, Kari H. Partapuoli informerte om arbeidet og årets innsamlingsaksjon som skal gå til dette viktige tema. Filmregissør for Stuck, Emilie K. Beck har utarbeidd fleire videoar om temaet. Ho orienterte og viste ein av videoane.
Neste sekvens orienterte klubbpresident i Bergen, Dobrila Radulovic litt om meir digital bruk for å effektivisera zontaarbeidet.
Kort info frå info-, stipend-, organisasjons- og nominasjonskomiteen.
Styret i Zonta Norge leia møtet med stødig hand. Varighet frå kl.18-21.